EU til åtak på pressestøtta

17 06 2009


Euobserver.com melder no at EU-kommisjonen vil tvinga Sverige til å kutta ned på pressestøtta.

Konkurransekommisjonær Neelie Kroes, seier om avgjerda:

«The commission recognises the importance of media pluralism for the cultural, democratic and public debate in [EU] member states and the importance of newspapers in this context.»

«However, running a newspaper is also a commercial activity and the commission has a duty to prevent undue distortions of competition and trade resulting from public subsidies.»

Nettopp: Ho innrømmer at aviser er viktige for demokratiet, men meiner at det viktigaste er å sikra den frie konkurransen. Akk og ve. Det verste er at dette ikkje berre er noko ho har kome på sjølve, men prinsipp som er nedfelt i EU sitt traktatgrunnlag.

Anten ein er for eller mot pressestøtta bør ein meina at det må vera opp til norske (eller svenske) politikarar å avgjera saka, ikkje EU sine byråkratar. Dette er ei sak som bør avgjerast på nasjonalt nivå. Det har ikkje noko å sei for folk i Polen om Sverige brukar svenske skattebetalarar sine pengar på å støtta lokale, svenske aviser. Og så er det ein sak som bør avgjerast på politisk nivå. Dette dreier seg om å trekka grensene mellom marknad og politikk. Ulike parti og ideologiar har ulike syn på om det er greitt å brukar skattebetalarane sine pengar på å favorisera nokre aviser framfor andre. Då bør saka avgjerast av Riksdagen i Sverige, ikkje EU-kommisjonen. Kva parti svenskane stemmer på bør avgjera dette, ikkje EU-kommisjonen og EF-domstolen si tolking av ein over 50 år gamal Roma-traktat.

Eg er personleg ein stor fan av pressestøtta. Eg trur det er sunt til dømes for mediabilete i Rogaland at ein har både Stavanger Aftenblad og Rogalands Avis (sjølv om RA ikkje akkurat er noko god avis). I alle lokalsamfunn har media ei stor makt. Det er alltid ein fare for maktkonsentrasjon mellom toppane innanfor politikk, media og næringsliv. Med fleire lokalaviser ein stad blir faren for dette mindre, fordi den eine avisa vil ha interesse av å avdekka sakar den andre avisa av tvilsame grunnar ikkje vil ta i.

Økonomisk sett er poenget med pressestøtta å kompensera mindre aviser for at dei har mykje vanskelegare for å selja annonsar. Dei kan ta mykje mindre pr annonse pr avis. Om ei avisa dekker 70% av husstandane i eit område, og ei anna dekker 35% (ja, summen kan vera meir enn 100, det er mange avisomane i Noreg), vil dei aller fleste annonsørar velja den største, og den minste må vera meir enn halvparten så billig for å få kundar.

På nasjonalt nivå har Noreg òg pressestøtte. Her er det meiningsbærande organ som Vårt Land (kristen-liberal), Nationen (som stort sett stør SP), Klassekampen (meir eller mindre venstreradikal) og Dagsavisen (sosialdemokratisk) som får pengar. Medie-Noreg hadde vore mykje fattigare utan desse avisene. Ofte startar dei debattar og sett fokus på saker som andre media fyljer opp etterkvart. Dei er altså mykje viktigare enn opplagstala skulle tilsei. Landsdekkande aviser med relativt få lesarar i kvar by vil ha veldig vanskeleg for å selja annonsar, fordi dei fleste marknadane er lokale. (Tenk på kor mange sider bustad-  og daglegvareannonsar det er i mange lokalaviser). Det er ikkje vits å annonsera eit hus i Bergen for sal i Nationen. Difor får aviser som Nationen og Klassekampen mindre inntekter pr abonnent. Ei avis med 20 000 abonnentar innanfor to kommunar vil få utruleg mykje meir pengar i annonseinnkomer enn ei avis med 30 000 abonnentar over heile landet.

Riksdekkande, meiningsberande aviser har berre konkurransefordelar innanfor sine nisjar. (Vårt land kan tilby attraktiv annonseplass for dei som vil selja biblar, Nationen til dei som vil selja traktorar og Klassekampen til dei som vil selja radikal litteratur). Alle desse nisjane er, anten ein liker det eller ikkje, relativt små. Men det er sunt for demokratiet at desse avisene finst.

Så går det sjølvsagt an å laga argument mot pressestøtte òg. Dei fleste av argumenta vil vera basert på ein tenking om at om ei avis ikkje greier å skaffa seg nok annonseinntekter, fortener ho ikkje å leva, og då bør ho døy. Ein kan vel meina, i kvart fall om ein tilhøyrer det soleklare fleirtalet som ikkje les til dømes Vårt land, Nationen eller Klassekampen, at det finst betre ting å bruka skattebetalarane sine pengar på enn å støtta desse trykksakene. I tillegg kan ein jo tenka seg at andre minoritetar, til dømes rasistar, fekk stabla på beina ei riksavis av ein viss storleik og kvalitet. Skal alle få pressestøtte, alle berre dei som har haldningar som me (kven no me måtte vera) liker?

Same kva argument ein legg mest vekt på er debatten for og mot pressestøtte eit politisk val som bør takast på nasjonalt nivå av folkevalde politikarar i kvart einskild land. Ikkje av EU-komisjonærar og dommarar som ingen har stemt på.

Les meir: Artikkel på Euobserver.com

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: