Tilbake på sporet

22 06 2009

På våren og forsommaren har det vore eit par målingar som har vist ja-framgong, eller i kvart fall har blitt tolka som å visa ja-framgong. Eg skreiv om dette i mai, og slo fast at det førebels ikkje var noko å mista nattesvevnen for, og at ein måtte venta på å sjå det same i tre målinga på rad før ein kan kalla det ein tendes.

I dag kjem ei ny måling, som viser klar nei-framgong. Nei-sida er tilbake på 55%, medan jasida har i overkant av 35%. Alt er som før, med andre ord. Ekstra oppløftande er det sjølvsagt at berre ein av fire under 30 år vil stemma ja.

For ikkje lenge sidan kom det ei NRK-måling som blei tolka som ja-framgong. Det måling faktisk viste, var at ja-sida gjekk fram med 1%, nei-sida fram med 1,3% og at den einaste taparen var ”Veit ikkje-blokka”. Likevel kasta media om seg med overskrifter om ja-framgong. Leiar av Nei til EU skriv om dette i Dagbladet.

Europarørsla påstår at det er lagt lokk på EU-debatten, og at det difor er bra at ”heile” 35% stemmer ja. For så vidt er det fint at dei er nøgde med 35% oppslutnad. Eg forstår likevel ikkje kva dei meiner med at det er lagt lokk på debatten. Det blir ikkje sendt nokon EU-søknad i tidsrommet mellom 2005 og september 2009, men etter det er det vidope kva som kan skje. Og ingen nektar nokon å diskutera EU berre fordi stats – og utanriksministeren har litt mindre rom enn vanleg for å driva ukritisk EU-hylling. Sjølv om ikkje ja-sida har skjørtekantane til Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg å halda seg i, burde dei vel kunne komma på banen. EU-debatt er ikkje noko som berre skal drivast frå toppen av samfunnet.

Så kunne eg sjølvsagt ynskja meg endå meir EU-debatt i media, spesielt om den EU-tilpassinga som skjer gjennom EØS, trass to nei frå folket. Media si handsaming av tenestedirektivet var ikkje akkurat grundig, og dei blei berre interesserte i saka etter at det blei dissens i regjeringa.

Advertisements

Handlingar

Information

One response

22 06 2009
Sentrumskonservativ

Paal Frisvold har et godt poeng. I Dagsrevyen ble ikke Lisboa-traktaten nevnt før den 12. juni 2008, da irene hadde sagt sitt i den første folkeavstemningen. Bakgrunnen for traktaten, som nyhetsprogrammet med fordel kunne tatt opp et år tidligere, da Merkels formannskap hadde lagt grunnlaget for signeringen av den ferdige traktaten i Lisboa 13. desember 2008, ble i spinkel grad analysert. Det fremstod da også som rimelig latterlig at Dagsrevyen skulle forklare hva traktaten handler om, etter at begivenheten i Irland hadde funnet sted. I mindre, sektorielle saker som landbruk og finanspolitikk er det selvsagt klart at et hovednyhetsprogram ikke kan dekke alle prosesser frem mot en eventuell avgjørelse, men må forklare så godt det kan hva det dreier seg om når det er medieaktuelt. EUs institusjonelle integrasjonsprosess og konsekvensene av denne må derimot få en langt bredere dekning i norske medier.

Også i EU-direktivsaker som får konsekvenser for Norge, er mediene ofte særdeles sent ute. Datalagringsdirektivet ble debattert i Europaparlamentet i desember 2005; den første reelle norske debatten kom over tre år senere. Da var Dagsrevyens (nei, ikke hovedprogrammet, men Dagsrevyen 21) vinkling på saken den at «de aller fleste nordmenn har ikke hørt om datalagringsdirektivet, ifølge en ny undersøkelse som IKT Norge har fått utført» (fritt etter hukommelsen). Det blir rimelig komisk at når Dagsrevyen først anlegger et slikt metaperspektiv på saken, er det i stor grad NRKs egen feil at folk ikke har fått det med seg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: