Island søker i juli?

12 07 2009

Island søker i løpet av juli?

VG melder at Island kjem til å søka medlemskap i EU i løpet av juli.

Vidare saksgang no er at

a)      Fleirtalet i den islandske regjeringa fremmer eit framlegg i Alltinget (parlamentet) om å søka medlemskap.

b)      Om fleirtalet i Alltinget er for sendast søknaden til Brussel. Så startar forhandlingar, som kan ta veldig lang tid, eller veldig kort tid, alt ettersom kor kravstore EU er og kor medgjerlege Island er. Det kan òg bli ei folkerøysting om kor vidt det skal søkast. Det kan gjera det lettare for nei-partiet venstre-grøne å sitta i ei regjering som søkjer medlemskap.

c)       Om det blir eit forhandlingsresultat ja-sida i den islandske regjeringa kan leva med blir dette sendt ut på folkerøysting. Kor vidt Island har bindande eller (som i Noreg) rådgjevande folkerøystingar) har eg ikkje undersøkt. I realiteten vil nok folkerøystinga uansett avgjera saka.

Kva har dette å sei for Noreg?

Heming Olaussen, leiar av Nei til EU, har skreve ein relativt god kronikk om dette.

Han skisserer fem feilslutningar frå ja-sida om Island, Noreg og EU.

1. Island kommer 100% sikkert til å søke EU-medlemskap
2. EU kommer til å ville ha Island inn i Unionen
3. Island kommer til å bli medlem
4. Dermed veltes EØS-avtalen (som kommer til å bestå av Norge og det plutselig latterlige
Liechtenstein – et land som i de foregående 15 år med EØS aldri har vært latterlig i EU-
tilhengernes øyne..)
5. I en slik situasjon må/vil Norge også bli med i EU

Eg meiner at poeng to ikkje er så godt, EU kjem nok på kort eller mellomlang sikt (på likt med kroatisk medlemskap) til å ynskja Island med. EU har trass alt eit stort underskot på fiskeriressurser, og sjølv om Island har gått på ein smell er dei ikkje noko u-land. Og EU overtek ikkje statsgjelda til medlemslanda sine. Så er ser ingen grunn til at Island skal bli nekta medlemskap. (Euroen derimot får dei ikkje lov til å innføra før økonomien deira er god, han kan altså ikkje nyttast til å redda økonomien).

Resten av poenga er veldig gode, og blir fint utdjupa i kronikken til Heming.

Geir Haarde, den førre statsministeren på Island, er ein høgreorientert nei-mann. Han peiker på at Irland sin økonomi er like hardt råka som Island sin, og at EU-medlemskap difor ikkje hadde redde Island.

Eg håpar at Island stemmer nei. Eg trur at Alltinget kjem til å stemma for å søka, men at når forhandlingsresultatet blir klart kjem det til å bli ein tett og hard kamp i folkerøystinga.

Uansett kva Island skulle finna på å gjera har det ikkje allverdas å sei for norsk medlemskap. Noreg har sidan 1994 vore over 90% av økonomien i EØS, så avtalen fell ikkje utan Island. Og om EØS skulle falla finst det betre alternativ.

Advertisements

Handlingar

Information

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: