Siv, Erna og unionen

23 07 2009

Eg vil ikkje blanda meg oppi debatten om kven som allmennt har mest (eller minst) leiareigenskapar av Erna og Siv, og kven av dei som er best til å kasta stein i glasshus. Vonleg kjem stortingsvalkampen til å handla om viktige saker, ikkje påståtte personlege manglar hjå konkrete einskildpersonar.

Men Erna Solberg har eit poeng når ho utfordrer FrP som parti i EU-saka.

– Det er jo et paradoks. Frp sier at de vil ha folkeavstemning på om vi skal ha bompengefinansiering, men har ingen problemer med å flagge sitt standpunkt. Da bør det gjelde for EU-saken også, sier Solberg i Dagbladet i dag.

Det er sjeldan at eg føler for å sitera Erna, og sei meg samd med henne, men no skjer det. FrP, og for så vidt òg ein del andre parti sine freistandar på å feia EU under teppet i valkampen er ikkje noko vakkert syn. FrP seier at i siste instans er det folkerøystinga som vil avgjera, og at dei difor ikkje treng å ha noko meining. Men: Dei aller fleste andre partia (utanom SP) seier òg at ei folkerøysting skal avgjera saka, og det hindrar dei ikkje i å ha noko meining, og diskutera sakene. Fordi det er partia på Tinget som må avgjera om det er aktuelt å søka. Dessutan må dei heile tida ta stilling til mange EU-tilknytta problemstillingar. FrP tør ikkje ta stilling, fordi veljarflokken deira er delt i to. AP snakkar heller ikkje noko som helst om EU, her er det ikkje berre veljarane som er delte i to, men òg politikarane. Mange av dei mest engasjerte EU-tilhengarane er med i AP, men det er jammen mange av dei mest engasjerte motstandarane òg.

Høgre har altså rett når det kjeftar på FrP for å vera pysete i EU-saka, og det kan godt tenkast at dei kan vinna ein og annan høgreorientert EU-ven frå Venstre eller FrP på sin EU-offensiv. Dette er tydeleg ein gjennomtenkt strategi, for det skjer fleire stadar i landet samstundes.

Noko heilt anna er sjølvsagt at Høgre har ein fæl EU-politikk. Dei vil inn så raskt som råd, og vil godta mest muleg EU-politikk på vegen. Dei gjer seg høge og mørke i personvernsakar, men nektar å legga ned veto mot Datalagringsdirektivet, berre fordi det er EU som har kome på det. (Les forøvirg bra innlegg i DBL i dag om dette) Dei klagar over EØS-avtalen si overstyring av Noreg, men vil likevel inn i eit EU som er mykje meir omfattande og overstyrande. Dei snakkar om at dei i ein nasjonal kontekst er for desentralisering av makt og mynde til kommunar og einskildpersonar, medan dei i ein EU-kontekst vil sentralisera endå meir makt i Brussel. Spørsmålet som sikkert mange EU-motstandarar på høgresida lurer på er om Siv er eining med Erna i desse spørsmåla, eller om ho meiner noko betre.

Altså: Høgre har rett i at EU bør diskuterast mykje i valkampen. Men dei har ein veldig dårleg EU-politikk, og sjølv om jasida gjekk fram eit par prosent er fleirtalet i folket usamde med dei.

EU bør diskuterast i valkampen, men det gjeld  ikkje berre sjølve spørsmålet om medlemskap. EØS-direktiv som datalagringsdirektivet, postdirektivet og helsedirektivet er òg viktige saker. Kva meiner til dømes KrF om datalagringsdirektivet. Er det for eller mot å bruka veto? Og kan AP godta eit postdirektiv som vil ha negative verknadar både for postarbeidarar og distrikta? Ikkje minst: Kva parti vågar å setta i gang ei utreiing om alternativ til EØS? Dette er spørsmål valkampen bør gje svar på, og veljarane bør legga vekt på det når dei puttar stemma si i urna. Dette stiller ikkje berre utfordringar til partia, men òg til oss som veljarar.

Advertisements

Handlingar

Information

2 responses

23 07 2009
Sentrumskonservativ

Nei, Stortinget bestemmer (innenfor rammen av hva Grunnloven tillater). Derimot kan Stortinget avgjøre at det skal utlyses en rådgivende folkeavstemning, hvoretter flertallet må avgjøre om rådet skal følges eller ikke. I praksis vil regjeringen antagelig ikke sende noen sak til Stortinget dersom en folkeavstemning er blitt holdt og denne har gitt negativt resultat.

I prinsippet er det likevel svært viktig at Stortingets sammensetning gjenspeiler folkemeningen i denne saken. EØS-avtalen ble banket gjennom med det påkrevde 3/4 flertall i 1992, selv om flere målinger – etter hva jeg har lest – viste et folkeflertall mot. For flere formål er denne avtalen mer omfattende enn hva Norge sa nei til i 1972, men den store forskjell er at ved medlemskap i 1972 er det langt fra sikkert at det ville blitt flere folkeavstemninger om EU-saker (først og fremst nye traktater).

Dok 12:12 (2003-2004) (http://www.stortinget.no/Global/pdf/Dokumentserien/2003-2004/dok12-200304-012.pdf) fra Marit Arnstad og Åslaug Haga fikk kun Senterpartiets stemmer under forhandlingene 10. januar 2008, og forslaget ble heller ikke gjenstand for noen offentlig debatt. Et tilsvarende forslag, Dok 12:24 (2007-2008) (http://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Sporsmal/Grunnlovsforslag/2007-2008/dok12-200708-024/), burde drøftes i valgkampen – da avgjørelsesmyndigheten ved anvendelse av Grl. § 93 i dag er fullstendig lagt til Stortinget – noe som effektivt vil kunne hindre krav om folkeavstemning i en erklært nasjonal krisesituasjon.

Jeg er imot Sps forslag – da jeg mener at EU-medlemskap innenfor rammen av Lisboa-traktaten uansett ikke kan hjemles i Grl. § 1 og 112 (den siste paragrafen beskytter den første).

24 07 2009
Protus

Tore, ang. dette med Høyres syn på desentralisering av makt til kommuner. Hvordan Norge organiserer lokalstyret, både institusjonelt og mht. oppgaver er jo en sak for medlemslandene. Om en studerer politiske systemer i ulike EU-land kan forskjellene være enorme ang. hvor mye makt man har delegert nedover til regionalt og lokalt nivå. Frankrike er ekstremt sentralisert, mens Tysklands delstater har nokså vidtgående myndigheter.

Sent.kon. husker du hvor du har lest dette med meningsmålinger om EØS fra den tiden ? Det skal sies at EØS-meningsmålinger har vært veldig skjeldne. Kanskje Nationen og Klassekampen skulle betale for månedlige galluper her også ? Ideen er herved gitt, men tviler på at de gidder.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: