Er EU uviktig?

31 08 2009


Som venta har ikkje EU blitt den store valkampsaken. Det var ikkje høge odds for at det skulle bli det, så lenge dei to største partia ikkje kjem ut med nokon klar politikk.

I dag høyrte eg på radio ein debatt frå Litteraturhuset i Oslo, skipa til av P2 og Aftenposten. For dei som ikkje kokar i Oslo-gryta til kvardags er Litteraturhuset ein ganske stor bygning i utkanten av Slottsparken, kor meir eller mindre opplyste folk med jamne mellomrom samlast for å vera opplyste, og gjerne snakka om andre som ikkje er opplyste. På sitt verste trur eg det kan vera ganske snobbete, på sitt beste kan det vera greitt. Denne kvelden handla debatten om dei gløymde sakene i valkampen. Sjølvsagt blei EU-saka nemnt tidleg. Både ja-mannen Willoch og nei-dronninga Anne Enger (Lahnstein)  var samde om at det var ei viktig sak som brude diskuterast meir.

Alle skyldar på nokon andre for at det ikkje er EU-debatt. H og SP skyldar på Jens og Jensen. Mange skyldar på media. Media skyldar på politikarane, og politikarane skyldar på folket. Men i siste instans er det faktisk oss alle, som veljarar, som avgjer kor viktig EU-saka er. Om me tek omsyn til parti og kandidatar sitt EU-syn når me stemmer, blir EU-saka viktig. Då påverka ho det visstnok rekordjamne valet. Då kan me få eit Storting som speglar av det nei-fleirtalet som finst i folket.

Mi oppmoding til usikre veljarar som er mot EU er at dei bruker stemmen sin til å stemma nei-folk inn på Stortinget. Om du tilhøyrer sentrum-høgre er det liten tvil om at KrF er det klaraste og tydelegaste nei-partiet. Venstre seier òg nei til EU-søknad i kommande stortingsperiode, og er soleis eit nokolunde trygt val for nei-folk. Høgre er eit soleklart ja-parti, og det dårlegaste valet for nei-folk. FrP er splitta. Eg trur ikkje dei vil stå i spissen for ein medlemsskapssøknad, men dei vil heller ikkje stå på barrikadane mot det. I EU-saka trengst det ikkje vèrhanar, men vegvisarar. Om du er oppteken av å styrka kampen mot EU er ikkje FrP noko godt alternativ, men gjer trass alt mindre vondt enn Høgre.

Ynskjer du framleis ei raud-grøn regjering er både SV og SP tydelege og samla nei-parti, som attpåtil er mot EØS. I tillegg finst det mange bra nei-folk i AP (men diverre endå fleire ja-folk). Raudt er òg eit patent nei-parti, men har berre sjanse til å komma inn frå Hordaland og Oslo, og vil etter alt å dømma i andre fylke vera ei bortkasta stemme.

EU-saka er ei av dei få sakane kor det er tradisjon i Noreg for at stortingsrepresentantane i nokon grad kan fylja sitt eige sinn, og ikkje partileiaren eller partiporgrammet. Difor spelar det faktisk ei rolle kva kandidatane meiner. Det er skilnad på å stemma Venstre i Rogaland, med nei-folk på toppen, og Venstre i Akershus, med to ja-folk på toppen. For at nei-folk som vaklar mellom ulike parti skal kunne finna ut kva deira lokale kandidatar meiner, har Nei til EU laga ei stor spørreundersøking. Sjekk ho ut for meir informasjon.

Undersøkinga går ikkje berre på kva folk meiner om medlemskapssøknad, så eg kjem til å skriva meir om henne i tida framover.

Advertisements

Handlingar

Information

One response

1 09 2009
Nei til EU (neitileu) 's status on Tuesday, 01-Sep-09 07:45:24 UTC - Identi.ca

[…] Er EU uviktig? « Tore Syvert sin blogg a few seconds ago from Twhirl […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: