Kven vil få meir makt med Erna?

1 09 2009

Høgre har kome med eit ganske fint og prinsipielt utspel om kven som bør ha mindre makt (Så får det vera opp til kvar og ein kor vidt ein synst at dei 860 000 LO-medlemmane skal ha mindre innflytnad, eller at Direktoratet for Naturforvaltning i mindre grad skal forvalta naturen) Uansett er det fint å diskutera maktspørsmål i politikken. Men då kan det kanskje vera greitt å sjå på kven Høgre vil at skal ha meir makt. Eg kan i kvart fall tenka meg to institusjonar som vil få meir å sei om Erna (mot alle odds) skulle bli statsminister.


EU
Erna Solberg og Høgre vil melda Noreg inn i EU så snart dei har sjansen. Då vil EU i større eller mindre grad overta styringa over mange politikkområde som Noreg i dag i hovudsak styrer sjølve. Det gjeld til dømes utanrikspolitikken, landbrukspolitikken, fiskeripolitikken og pengepolitikken. Det må vera det Høgre kallar maktspreiing, å smala mest muleg makt i Brussel.

ESA
Dette kontrollorganet passar på at Noreg fyljer EØS-reglane. I mange samanhengar er det ei overivrig gneldrebikkje, som legg seg oppi stort og smått . Den noverande regjeringa har i fleire tilfelle latt vera å hoppa så snart ESA seier hopp. Det gjeld til dømes i saka om miljøavgift på eingongsemballasje, heimfallsrett til vasskraft og i spørsmål om sosial dumping. Om Høgre får viljen sin vil Noreg langt meir lojalt fylja opp ESA sine meldingar. Kan det vera det Høgre meiner med fridom?

Nei, EU-motstandarar som ynskjer regjeringsskifte bør nok heller stemma på V eller KrF.

Advertisements

Handlingar

Information

One response

1 09 2009
Andreas

La de rike få mer, for de forvalter pengene på en mye bedre måte enn et hvilken som helst parti. Om hagen eller Reitan får mer så går ikke det til privat forbruk likevel, for hva er det de ikke allererde har nok penger til?? Nei de satser på å skaffe flere arbeidsplasser som igjen skaper mer penger som igjen skaper enda flere arbeidsplasser osv. Teit å kalle det egoistisk. Det går ikke til sydenturer slik det ville gjort om jeg og alle andre vanlige fikk dele pengene. Og ja for de som ikke skjønner det så vil flere arbeidsplasser selvfølgelig gi flere penger i kassa

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




%d bloggarar likar dette: