Om bloggen

Dette er ein blogg som handlar om EU og om debatten om EU. Han er skreven av ein EU-motstandar, som dei mest observante lesarane nok vil ha skjøna allereie.

Kva prøver eg å skriva om på bloggen?

  • Synspunkt og argumentasjon om aktuelle EU-politiske spørsmål
  • Litt analyse av EU-debatten i Noreg og andre land
  • Litt om kva strategiar nei-sida bør nytta i EU-debatten

Eg som skriv bloggen meiner mangt og mykje om andre ting enn EU òg, men det er ikkje spesielt interessant eller relevant for denne bloggen.  Difor prøver eg stort sett å halda det unna.

Bloggen blir ikkje akkurat oppdatert kvar dag. Oppdateringsfrekvensen kjem an på fleire faktorar, både kor mykje interessant som skjer i EU-debatten, kor mykje tid eg har til overs og kor mykje av tida eg har til overs eg vel å bruka på å skriva tekstar ganske få les.

Og forresten: Bloggen blir skreve på nynorsk, men det er lov å kommentera på bokmål òg.

Om meg

Eg kjem frå Randaberg i Rogaland. Det er ei bygd som er kjent for det dyraste 2. divisjonlaget i verda, og for å produsera mykje persille. Vidaregåande skule gjekk eg på Kongsgård /Stavanger Katedralskule, som mellom anna er kjend som kulissane for filmen «Mannen som elsket Yngve».

Eg var leiar av Ungdom mot EU sidan januar 2007 til januar 2009. Folkestyret er den viktigaste grunnen til at eg er mot EU, men det er mange andre grunnar òg. Ungdom mot EU er ein partipolitiske uavhengig grasrotorganisasjon for ungdommar som er mot norsk EU-medlemskap. Me har aksjonar, skriv lesarinnlegg, driv skulering og gjer mykje av det same som så mange andre ungdomsorganisasjonar. Om du er mot EU, må du skunda deg òg bli medlem.

No, november 2009, er eg nestleiar i Ås Studentar mot EU, samt medlem i Nei til EU sitt råd.

I 2003 flytta eg til Oslo for å studera, og sitta i Sentralstyret til Ungdom mot EU. 2003-06 studerte eg Samfunnsgeografi og litt Statsvitskap på UiO. I aug 06 til jan 07 var eg i Garden, men tenesten blei avbroten då eg blei leiar av UmEU. Difor gjekk feb 09- aug 09  til å fullføra fyrstegongstenesten, gjennom å vera sivilarbeiar hjå Unge Funskjonshemmede. Der har eg framleis ein deltidsjobb ved sidan av studiene. No studerer eg By og Regionalplanlegging på UMB, men bur framleis i hovudstaden.

Advertisements



%d bloggarar likar dette: